saftkokaradn.com

 Meny

Nyhende
Forum
Styret
Spelarar
Kampreferat
Borteturar
Galleri
Sangar
Supporterskikk
Linkar
Tips oss
Bli medlem
Kontakt
Admin

Sogndal Fotball
Sogn Avis
Firda
BT

 Bygdi og badl?

Nyhende av: Vidar Vadseth. Publisert: 2009-04-06 21:25:49

Vår nye leiar har forfatta nokre ord....

BYGDI OG BADL?

Men Saftkokaradn var ikkje død! Kva har bygdi og badl med oss å gjera? Eit ekte og stort engasjement for fotballaget i kvitt og svart! Saftkokaradn har fått eit nytt styre med underteikna som ny leiar. Etter ein heller turbulent vinter er Saftkokaradn ikkje lenger offisiell supportarklubb av Sogndal Fotball. Som dei fleste veit stilte me eit ulitmatum til Sogndal Fotball om å ha dei beste prisane på Fosshaugane Campus og at bortesupportarane ikkje skulle stå på same tribune som oss. Ingen av krava vart imøtekome eller innfridd og samarbeidet mellom Saftkokaradn og Sogndal Fotball vart lagd død.
No ser me framover. Saftkokaradn stakar no ei ny kurs der me skal vera ein identitetsberande supportarklubb. Årsmøte vart avvikla 28.3. d.å. og eit nytt styre med ny leiar er for lengst komen på plass. Det nye laget til underteikna består av; Bente, Vidar, Thomas, Arne og Andreas. I tida før og etter årsmøtet har kokarstyret og frivillige medlemmar jobba med ulike tiltak som medlemsverving, planar for sesongen og kleskolleksjon m.m.

Som nemnt ovanfor har det vore ei turbulent tid mellom Saftkokaradn og Sogndal Fotball i
søkjelyset. Det vil alltid vere to sider av same sak og me føler at me har kome sterkt ut av situasjonen som oppsto. Me ordnar på vår måte opp internt det som betyr noko for oss i supportarklubben og ikkje minst oppfatninga folk måtte ha av oss utad. Dette jobbar me for å betre, sjølv om ein del av kritikken som har kome fram langt i frå stemmer overens med fakta. Fotballaget vil heile tida vere vår motivasjon for å støtta laget i tjukt og tynt.
Det handlar om Bolli og co. Det handlar om Den 12. mann; OSS!

Underteikna har visjonar for Saftkokaradn. Visjonar er ikkje eit
mål i seg sjølv, men ein berande motivasjonsfaktor for å nå våre mål. Mi
oppgåve er å sørga for at tiltak blir gjennomført. Eg styrer ei gruppe
med stor arbeidslyst og entusiasme og ser fram til denne oppgåva. Eg er klar og tydeleg på at
Saftkokaradn skal bli ein supporterklubb som skal bli lagd endå meir merke
til i Sogndal, i fylket og rundt om i landet ellers. Kvar og ein som er
medlem i Saftkokaradn skal vere ein god ambassdør for supportarklubben.
Supportaren skal føle seg stolt når ein går i kokargensaren. Samstundes
representerer den einskilde supportar heile Saftkokaradn kvar gong Sogndal spelar sine fotballkampar.

Vyrde kokarar og andre! Saftkokaradn har aldri vore sterkare enn me er i dag og me skal bli endå sterkare som supportarklubb. Me er difor avhengig av alle medlemmane våre og ikkje minst engasjementet dykkar. Er du skapkokar, melder du deg inn no i dag!







Takk til deg Andreas, for åra som leiar i Saftkokaradn. Du representerte Saftkokaradn på ein framifrå måte då det sto på verst tidlegare i vinter.

Bygdi og badl? Sognefjorden er stor – Sogndal er større!
Det handlar om kvit og svart makt!

Geir Frode Lunden
-Leiar i Saftkokaradn-
Eksterne linker:

 Tabellen

1Sogndal19123439-2139
2Fredrikstad19105438-2435
3Ranheim18104429-2234
4Sarpsborg 081894537-2931
5Bodø/Glimt1884630-1929
heil tabell

 Siste 5 kamper

29/08Sogndal - Moss FK2-0
25/08Sogndal - Bryne2-2
22/08Tromsdalen - Sogndal1-0
15/08Follo - Sogndal3-1
08/08Sarpsborg 08 - Sogndal4-0

 Neste 5 kamper

12/09Sogndal - Mjøndalen IF
19/09Nybergsund - Sogndal
26/09Sogndal - Alta
03/10Bodø/Glimt - Sogndal
06/10Follo - Sogndal

 Galleri

Sist opplasta bilete:
COPYRIGHT © 2005