Meny
Nyhende
Forum
Styret
Spelarar
Kampreferat
Borteturar
Galleri
Sangar
Supporterskikk
Linkar
Tips oss
Bli medlem
Kontakt
Admin
Sogndal Fotball
Sogn Avis
Firda
BT
|
Dialogmøte mellom Saftkokaradn og Sogndal Fotball
| Nyhende av: Vidar Vadseth. Publisert: 2009-10-30 15:49:01 |
Møte i dag den 30.10.09. |
Dialogmøte mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn, 30.10.2009
Til stades: Vidar Vadseth (Saftkokaradn), Yngve Hallén (Sogndal), Geir Inge Heggestad (Sogndal), Audun Kjelstrup (NSA)
Sogndal Fotball og Saftkokaradn er samde om følgjande verdiplattform:
- Sogndal Fotball skal vere ein klubb som er open for alle uavhengig av rase, kjønn eller legning.
- Sogndal Fotball og Saftkokaradn skal arbeide mot å oppnå eit felles kommunikasjonsgrunnlag. Administrasjon og klubb skal ha lov til å vere usamde, men dialogen mellom dei skal føregå internt.
- Saftkokaradn skal stilla med ein representant til det haldningsskapande arbeidet/MOT-arbeidet som Sogndal Fotball engasjerer seg i.
- Saftkokaradn skal stilla med ein representant til arrangementskomiteen, og bidra inn mot arrangement i regi av klubben.
- Det er mogeleg for Saftkokaradn å få hjelp med det organisatoriske arbeidet i supporterklubben, dersom dette er ynskjeleg.
- Saftkokaradn og Sogndal Fotball skal stå saman og framstå med ryddigheit, respekt, samarbeid og andre verdiar som klubben står for.
- Saftkokaradn og Sogndal Fotball skal ha minst tre møter i løpet av kvar sesong, der det er mogeleg for begge partar å kome med innspel til sakliste.
Avtalen er gyldig frå den tid Saftkokaradn v/styret og Sogndal Fotball v/dagleg leiar har godkjent den. Avtalen gjelder fram til ein av partane seier den opp. Begge parter har 14 dager oppseiingsfrist.
Sogndal 30.10.2009
Vidar Vadseth Saftkokaradn
Geir Inge Heggestad Sogndal Fotball
|
| Eksterne linker: |
| Tabellen
| 1 | Sogndal | 19 | 12 | 3 | 4 | 39-21 | 39 |
| 2 | Fredrikstad | 19 | 10 | 5 | 4 | 38-24 | 35 |
| 3 | Ranheim | 18 | 10 | 4 | 4 | 29-22 | 34 |
| 4 | Sarpsborg 08 | 18 | 9 | 4 | 5 | 37-29 | 31 |
| 5 | Bodø/Glimt | 18 | 8 | 4 | 6 | 30-19 | 29 |
| heil tabell | Siste 5 kamper Neste 5 kamper
Galleri
Sist opplasta bilete:
|