saftkokaradn.com

 Meny

Nyhende
Forum
Styret
Spelarar
Kampreferat
Borteturar
Galleri
Sangar
Supporterskikk
Linkar
Tips oss
Bli medlem
Kontakt
Admin

Sogndal Fotball
Sogn Avis
Firda
BT

 Møte med Sogndal Fotball

Nyhende av: Vidar Vadseth. Publisert: 2009-11-16 21:58:39

Saftkokaradn hadde i kveld eit møte med Sogndal Fotball

Saftkokaradn hadde i kveld eit møte med Sogndal Fotball for å bli einige om fleire moment i høve det ein allereie vart einige om på dialogmøte i høve verdiplattforma.

Kveldens møte føregjekk i ein lystig tone der Hallén og Heggestad representerte SF, mens Bente, Arne, Andreas og underteikna representerte Saftkokaradn.


På møtet vart det diskutert diverse ting som plassering på stadion, prisar sesongkort/enkeltbillettar, MOT-arbeidet, dugnadar, supportarteltet og lagringsplass for utstyr.


Det viktigaste først. Saftkokaradn skal sesongen 2010 stå på felt G Nedre på Fosshaugane. Her vil stolane bli fjerna(dugnad) og det vil bli satt opp bølgjebrytarar i stadenfor. Dette feltet rommar 200 plassar med ståplassar.

Sesongkortprisar vil bli 1090,- på dette feltet til medlemmar av Saftkokaradn. Denne prisen får du fram til 1.februar. Etter denne datoen stig prisen til 1290,-. Medlemsskap i Saftkokaradn kjem i tillegg.

Til dei som ikkje har moglegheit til å vere på alle kampane, vil få tilbod om kjøp av enkeltbillettar til ein pris av 120,-. Dette er same pris som studentane og ungdomsfeltet.

Me kjem tilbake med meir info seinare om kjøp av sesongkort/klippekort når me har på plass det praktiske.


Saftkokaradn skal ha ein kontaktperson knytt opp mot MOT-arbeidet til Sogndal Fotball. Håvard Flo er prosjektleiar for dette arbeidet. Litt uklart korleis dette blir organisert, men det tek me etterkvart.


Rasmus Mo ville ha oss til å stilla i supportarteltet ved port 2 før kamp. Dette er noko me skal få gjennomført.


Saftkokaradn får eit eige egna lokale nede i Storhallen til lagring og tørking av flagg. Her blir det óg moglegheit til å lagre \\\"butikken\\\" som Bente har hatt ansvaret for.


I tillegg blir det jobba med eit rundskriv som me prøver å få spreidd til så mange som mogleg. So viss du er Sogndalpatriot og vil ha dette, so send oss ein E-post på post@saftkokaradn.com slik at me får samla inn so mange E-postadresser som mogleg. Og viss du har ein kompis si adresse so send det til oss óg.
Eksterne linker:

 Tabellen

1Sogndal19123439-2139
2Fredrikstad19105438-2435
3Ranheim18104429-2234
4Sarpsborg 081894537-2931
5Bodø/Glimt1884630-1929
heil tabell

 Siste 5 kamper

29/08Sogndal - Moss FK2-0
25/08Sogndal - Bryne2-2
22/08Tromsdalen - Sogndal1-0
15/08Follo - Sogndal3-1
08/08Sarpsborg 08 - Sogndal4-0

 Neste 5 kamper

12/09Sogndal - Mjøndalen IF
19/09Nybergsund - Sogndal
26/09Sogndal - Alta
03/10Bodø/Glimt - Sogndal
06/10Follo - Sogndal

 Galleri

Sist opplasta bilete:
COPYRIGHT © 2005